24. desember 2011

Luka nr. 24: God jul

Askepott e sett, besøket kommt fra Stavanger, grøten spist, mandelen fått (!), julakjolen tatt på, pakkane lagt under treet og mamma har satt ribbå i ovnen (får visst pinnakjøtt 2. juledag)..

Det nesta på programmet e julagudstjeneste i Skårekjerkå. Lillebror Ørjan ska vær organist så det blir stas. Så komme julekvelden med alt som hørre te. Det blir koseligt :-)

Takk for følge i adventskalenderen. Det blir ikkje så hyppige innlegg framover, men bedre enn resten av høsten kan eg lova ;-) Dei som har fulgt med dei siste dagane ser at eg har endra designet på bloggen. Syns det blei litt stilig med såkalt dynamisk visning og kaffikopp som bakgrunn. Ka dåkkår syns?

Då gjenstår det bare å ønska alle sammen ei riktig

God jul!

Mamma si julekrybba.
(Effect: Vibrant)
Den store stjerna 

Den store stjerna som steig i aust
med ljos over verda
tende vår von for framtidsferda
i heimsens mørke haust.
Den store stjerna
gjer oss fri
med sit bod no ved juletid.

Den store stjerna for fyrste gong

bar bod om ein frelsar.
Fattig og rik går fram og helsar
eit nyfødt barn med song.
Den store stjerna
ga oss ord
med ei von for vår veike bror.

Den store stjerna i natta kald

har synt oss eit under
lyser emd trøyst i tunge stunder
for folk i tusen tall.
Den store stjerna
høg og klår
er vårt ljos på den veg vi går.

Den store stjerna står klår som før

og ber oss å dela
gje alt vi kan og såra hela
hos våre svoltne brør.
Den store stjerna
gjer oss fri

med sitt bod no ved juletid. 

(Trygve Hoff)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar