På lørdag arrangerte roverane i speidargruppå tur te Rødtind, ein liten topp på 470 moh som ligge på Kvaløya, Norges 5. største øy og naboøyå te Tromsøyå. Det har kommt ein del snø her i Tromsø (som dessverre holde på å regne vekk idag..) så det hadde te nøds gått an å gått på ski opp te toppen, men me gjekk på beinå. Eg hadde jafall ikkje villa brukt telemarkskinå mine. Va litt for mye stein te det. Me såg imidlertid ein del folk som prøvde seg på både langrenn, telemark og snowboard.
Då me dro fra byen va det ganske tett snøvær så ein del speiderar syns vel ikkje topptur frista så veldig, men med godt oppmøte av lederar og roverar va me te sammen 16 stk som traska oppover i ganske klart ver. Oppi liå tetna det te, men då me nådde toppen blei det ganske klart og me fekk fin utsikt mot Tromsøyå og ut mot dei høge toppane ytterst på Kvaløya. Solå ligge temmelig lavt her nord nå så postkort-motiv mangla det ikkje på. :)
Itte ein god lunsj (for oss som hadde med matpakke og ikkje satsa på Fjordland på primus uten godt underlag, som velta to gonger og aldri blei ferdig, eller ka, Eskil?) va det tid for litt hold-varmen-lekar og ittekvert et postløp. Me lederar måtte o værmed så Kjell Øystein, Bjarte og meg va patulje Pasvik-bjørn. Me blei testa i bibelkunnskap, førstehjelp og kart og kompass. Noe av det va mær utfordrande enn eg hadde trodd. :P
I 2-tiå låg solå så lavt at det va på tide å komma seg ner igjen før mørket sank over den lille tinden. Ulike metodar for nedfart blei testa ut med varierande suksess: skli på magen, på ryggen, på plastposar, på liggeunderlag eller bare springa som galne. Det sista gjekk kjappast over lengst periode, men passe djup puddersnø e ikkje bare bare å holda seg på beinå i. Det blei mye snøbasing og tulling på vei nerover, men me blei jafall gode og varme og det viste godt samhold mellom speiderar, roverar og lederar.
Ein kjempetur! Tusen takk, alle sammen! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar